Denne “Bildeanalysen” er en skriftlig oppgave ved “Digital mediedesign” som er et nettbasert årsstudium ved Høgskolen i Telemark, avdeling Notodden. Høsten 2010

 

OPPGÅVE 5: BILETEANALYSE

Levert inn av Marita Lisigurski , Ingrid Holmboe Høibo, Erling Nesse og Astri Tjelmeland Tverå

INNLEIING OG BESKRIVELSE AV BILETET

Oppgåva var å gå saman i ei gruppe og analysere eit bilete frå internett som inneheld fleire element. Vi har valt eit bilete frå Kabul i Afghanistan. Det er henta frå nettavisa The Boston Globe (www.boston.com). Vi har tatt utgangspunkt i analyseskjema II når vi har analysert biletet.

Biletet viser ein del av ein støvete teltplass. Bakgrunnen liknar ein byggeplass eller ein ruin bak skyer av støv. Området framme er dekka av telt. Ein kan skimte hovuda til personar bak nokre av telta. Helt i forgrunnen av biletet ser vi ein liten gut som står ikledd berre ei mørkegrøn skjorte. Guten står heilt inntil det fremste teltet på biletet. Det ser ut som han gret eller gøymer seg. Gjennom teltveggene kjenner ein igjen former som ser ut som menneske inne i teltet han står ved.

FORMELLE VERKEMIDDEL

Synsvinkelen i biletet er tilnærma normalperspektiv kor ein ser rett mot motivet på ”normal” avstand. Ein finn sjølvsagt dybde kor noko av motivet er tettare på enn det som ligg i bakgrunn lengre i frå. Blikkfanget i biletet, ungen framfor det fremste teltet ligg noko høgrestilt, men likskapen i alle dei andre telta gjer at hovudinntrykket er meir midtstilt enn ei klar venstre eller høgre dreiing av motiv.

Lyset i bilde er relativt jamt fordelt med noko mørkare skyggeparti enkelte stader. Støvet/røyken i lufta gjer at lyset dusas ned og gjer ei jamnare fordeling enn kva ein kanskje ville få med klar luft. Det er relativt glidande overgangar mellom det lyse og det mørke. Lyskjelda som er sol/dagslys dusas ned av forureininga i lufta. Lyset gjennom ruinane i bakgrunnen får ei viktig rolle i komposisjonen. Det jamne lyset og einsarta fargane i motivet gjer at ein får ei mjuk modellering av lys/skugge og volum i telta som fungerar som hovudformer i bilete.

Det tekstile materiale, og den tekstile teksturen er sentral i bilde. Saman med sand og støv gir det eit mjukt uttrykk som står i kontrast til hendinga og situasjonen. Dette blir forsterka av vinden som bles i telta og gjer volum som kan oppfattas som mjuke og organiske enkelte stader, i motsetning til utgangspunktet for formene som i telta kan knyttast til det geometriske. Den forureina lufta, ruinane i

bakgrunnen av betong, sand og dei tekstile telta gjer saman eit totalt uttrykk som viser til forfall og det håplause.

Delinga av bilete i forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn gjer dybde i bilde. Dybdeopplevinga forsterkas av overlappinga av telt og ein neddusa bakgrunn i ein grå nøytral, mørk farge som trekkjer seg tilbake.

Biletet er dominert av horisontale linjer som gjer ei form for ro, og diagonalar som skapar bevegelse i komposisjonen. Det trekanta teltet i forgrunn har diagonale linjer som står i kontrast til dei meir horisontale linjene i teltet på høgre side, samstundes som diagonalen som oppstår i opninga til teltet på

høgre side spelar mot diagonalen i det trekanta teltet. Desse to diagonalane peiker mot den oransje kanna, noko som kanskje er med på å gjera den

ennå tydeligare i tillegg til fargekontrasten som oppstår.

Fargane i biletet er dominert av jordfargar og ulike valørar av brunt og grått. Desse jordfargane blir kontrastert av tre felt med blåfarge og den oransje kanne i høgre bildeflate. Mellom det blå og oransje oppstår det ei kvalitetskontrast i farge som gjer at dei trer fram, samstundes som det blå og oransje komplementerar kvarandre og blir tydeligare. Ein finn og ei form for varm kald/kontrast mellom det blå på den eine sida og oransje og jordfargar med varm tone på den andre.

Gjentaking av element som teltformene, mørke menneskehovude, teltpluggar og flater med likskap skapar rytme i bilde. Dette er saman med leseretning og linjeføring med på å gi bevegelse. Inne i flatene er det bevegelse i form av folder i t.d. teltdukar og ein får bevegelse i form av linjer som møter kvarandre og/eller viser retning mot bestemte delar av bilde.

Bildet er balansert med eit fokuspunkt tilnærma i det gylne snitt. Utsnittet frå det trekantforma teltet på venstre side veg opp for det som skjer på høgre side. I ruinen i bakgrunnen blir dei lyse felta på høgre side veide opp av lyse felt på venstre side. Dei på høgre side er mest dominerande, men dei på venstre side trer klart fram i og med at dei skapar ei tydeleg vertikal linje. Ein kan og sei at todelinga i biletet (tilnærma i det gylne snitt) med ruinar i øvre bildeflate og telt i nedre bildeflate, balanserar med den horisontale linja som oppstår i delinga.

TOLKING AV BILETET

Namnet på fotografen er Manpreet Romana. Han jobbar for Agence France Press og bur i New Delhi i India. Bildet er tatt i Kabul i Afghanistan 7. oktober 2008 og skildrar situasjonen til ein liten afghansk flyktning som søkjer ly for ein sandstorm bak eit telt i ein flyktningleir. Biletet er henta frå nettavisa The Boston Globe (www.boston.com). Avisa har ei spalte de kallar The big picture – News stories in pohtographs, der dei presenterar eit utval pressebilde som har vore særmerkte i dei ulike nyheitsåra. Bildet frå Kabul fann me under oppsummeringa av nyheitsåret 2008 som nr. 29 av totalt 40 fotografi. Alle bileta i denne oppsummeringa er presentert med ein kort tekst som forklarar konteksten til bildet. Bildet ifrå Kabul er presentert med denne teksten:

An Afghan refugee child hides from a dust storm behind a tent at a refugee camp in Kabul, Afghanistan on October 7, 2008. Over a quarter million Afghans have returned home this year from Pakistan and Iran, many of them reportedly due to economic and security uncertainties faced in exile, the United Nations said. (www.boston.com/bigpicture/2008/12)

Som teksten fortel, handlar biletet om situasjonen til ein liten gut i Kabul i Afghanistan. Han søkjer ly for ein av dei mange sandstormane dette året. Plasseringa til denne vesle guten gjer at ein får ei kjensle av at han er åleine, resten av flyktningleiren er uklar og gøymd i støv og sand. Einsemda og hjelpeløysa ein slik komposisjon uttrykker, vekker eit ønskje om å gi omsorg til det uskuldige offeret. Komposisjonen forsterkar bodskapen ein kan tolke biletet til å ville sende: Det sivile folket i Afghanistan treng hjelp og bistand. Dessutan treff bodskapen dei som har tilgang til fri presse og difor også dei som har moglegheit til å yte ein skilnad. Biletet engasjerer og skapar medkjensle med den vesle afghanske guten. Det skapar også eit ønskje om å rette opp den urettferdige situasjonen han har hamna i. Samtidig fortel biletet om den fortvila situasjonen til for omlag ein kvart million flyktningar. Desse vart returnert frå Pakistan og Iran til heimland i kaos.

Fotografiet er eit dokumentarisk foto, dvs. at det er faktaorientert, realistisk og fyrst og fremst formidlar det nyhendingsmessige ved motivet (jf. Holmboe Erichsen 2009). Vi fann det difor meir formålsteneleg å setje biletet inn i ei politisk samanheng framfor ei kulturhistorisk.

I rapporten ”Afghanistan – humanitær rapport for 2008” frå Det norske utanriksdepartement, står det at den humanitære situasjonen gjekk frå vondt til verre i året 2008 (www.regjeringen.no). Dette året, som tre millionar afghanarar vart flyktningar eller internt fordrivne, slo ei tørke inn og matvareprisane steig kraftig. Utanriksdepartementet skriv at matvarekrisa fekk følgjer for 1,2 millionar barn og 550 000 mødrer, og førte vidare til underernæring hjå barn. Med vinteren auka problema og matvareproduksjonen vart ytterligare avgrensa.

Dessutan forverra sikkerheitssituasjonen seg i Afghanistan året 2008. Fleire kamphandlingar gjorde at det vart vanskeleg for dei humanitære aktørane å komme flyktningane til unnsetning. Kamphandlingane førte også til at fleire sivile vart drepne. I 2008 mista 1800 menneskjer livet dei fyrste ti månadane I Afghanistan, mot rundt 1500 I 2007. Bistandsorganisasjonen OCHA anslår at så mykje som 40 prosent av områda i Afghanistan er utilgjengelige for humanitære aktørar. Utanriksdepartementet skriv at det er svært vanskelig å få eit komplett bilete over den humanitære krisa som utspelar seg i Afghanistan. Slik blir fotografiet eit viktig augevitne til kvardagen for flyktningane, sjølv om biletet på mange måtar og opptrer som fotograf Manpreet Romana si eiga tolking av situasjonen.

KILDER

http://www.boston.com/bigpicture/2008/12/the_year_2008_in_photographs_p.html, (Lesedato 6. okt. 2010)

http://www.regjeringen.no/nb/dep/ud/dok/rapporter_planer/rapporter/2009/afghanistan_rapport08.html?id=548666, (Lesedato 6. Okt. 2010)

Erichsen, S. H. 2009, Mediedesign, 4. utgåve, GAN Aschehoug, Oslo